Per Grieg senior si private kunstsamling, eit "mini-nasjonalgalleri" med verk av mellom andre Edvard Munch, Christian Krogh, Frits Thaulow, Harald Sohlberg, Nicolai Astrup og Theodor Kittelsen.
Separatutstillingar. Ope onsdag - fredag 11.00 - 16.30. Laurdag - sundag 12.00 - 18.00.
Den verdskjente fiolinisten Ole Bull si frodige øy og eventyrlege villa er ope for besøkande frå kl. 11.00 - 16.00 frå midten av mai til slutten av august. Omvisning utanom sesongen etter avtale. Konsertar og kulturarrangement heile året. Skyssbåt frå Buena kai kvar heile time i opningstida.
Ruinane etter Lyse kloster, grunnlagt i 1146 av cisterciensarmunkar frå Fountains Abbey i England, på oppmoding frå bisp Sigurd.
Båtbyggjeri og économusée, ei UNESCO-verna handverksverksemd bygger og sel den norske nasjonalbåten, oselvaren. Oselvarverkstaden syner fram og tar vare på handverkstradisjonane og set dei inn i historisk samanheng.
Kyrkjene i Os
Os kyrkje
Nore Neset kyrkje
Lysekloster kapell
Kulturminnesøk i Os
På Riksantikvaren sin nettstad Kulturminnesøk finn du oversikt over alle registrerte kulturminna i Os.