Os inspirerer
"Os inspirerer" er eit merkevare- og profilprosjekt som byggjer på desse fire verdiane:

Les meir om Os inspirerer
Kompetanseutvikling
I dag der det ei kamp om arbeidskrafta. Difor blir signala vi gjev om at den tilsette er viktig og ønska på arbeidsplassen eit viktig ledd i å rekruttera og behalda arbeidskrafta. Det er viktig å skapa eit arbeidsmiljø med fokus på nærværsfaktorar og gode tenester er framtredande. Å motivera til, og leggja til rette for kompetanseutvikling er også ein viktig faktor i dette arbeidet. Os kommune har ei eiga plan for kompetanseutvikling av dei tilsette, både som gruppe og som einskilde, både på kort og lang sikt.
IA-verksemd
Os kommune er ei Inkluderande arbeidslivs-verksemd (IA). Det overordna målet er å betre arbeidsmiljøet, styrke jobbnærværet, førebyggje og redusera sjukefråveret og hindre utstøting og fråfall frå arbeidslivet.
Les meir om inkluderande arbeidsliv på regjeringen.no
Pensjon
Pensjonsordninga for kommunale arbeidstakarar er tariffavtalt og går fram av Hovedtariffavtalen kapittel 2. Ordninga omfattar alle tilsette (fast og mellombels). Pensjonsordninga skal garantera dei som er medlem ein samla alderspensjon på minst 66% av pensjonsgrunnlaget ved full opptening. Pensjonsordninga gjev også rett til uføre-, ektefelle- og barnepensjon. Undervisningspersonale har si tenestepensjonsordning og AFP-ordning i Statens Pensjonskasse, alle andre tilsette har si tenestepensjonsordning i KLP.
Sjå også: Administrativ organisering