Klage på vedtaket
Hvis du har fått avslag på ei helseteneste du meiner å ha rett på, kan du klaga. ei slik klage kan du senda til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os.
Dei tilsette på bestillar- og forvaltarkontoret går gjennom vedtaket på nytt og ser om det bør endrast.
Viss vedtaket ikkje vert endra, sender dei automatisk klagen vidare til Fylkesmannen i Hordaland, som avgjer saka.
Klage på tenesta
Hvis du er misnøgd med ei helsetjeneste du får, bør du først venda deg munnleg eller skriftlig til den avdelinga som leverer tenesta, t.d. leiinga på sjukeheimen. Ver tydeleg på kva du er misnøgd med og kva du ønskjer endra.
Fører ikkje klagen fram, sender kommunen saka vidare til Fylkesmannen, som gjer ei vurdering av saka.
Les meir om klagegangen hos Fylkesmannen
Får du medhald i klagen, kan Fylkesmannen starta ei tilsynssak. Vert det avdekka feil, må desse utbetrast. Får du ikke medhald frå Fylkesmannen, er det mogeleg å klaga vidare til Sivilombodsmannen.
Klagefrist
Innan tre veker frå du mottok vedtaket.
Hjelp til å klage
Treng du hjelp til å klaga, kan du ta kontakt med ansvarleg eining/avdeling. Kven som er ansvarleg for dei ulike tenestene, er det opplyst om i informasjon om tenestene.