Buavdelinga 2. etg.

 Kontaktinformasjon

  • Besøksadresse: Luranetunet, Solstrandvegen 37, Os
  • Kontakttelefon: 960 97 043
  • Avdelingsleiar: Elena Larsen 
  • Legevisitt ein gang i veka.
  • Bebuarane avgjer sjølv om dei vil nytta sjukeheimslegen eller eigen fastlege.

Tid for besøk

Besøkande er alltid velkomne. Avdelinga har ingen faste visitt-tider.

Kva kan vi tilby?

Avdelinga har 16 leiligheiter.

Kvar bebuar har si eiga leiligheit med bad og kjøkkenkrok. Dei møblerar leiligheita sjølv med private møblar og interiør for å gjera det heimekoseleg og triveleg. Det er ikkje ønskjeleg med golvteppe av hygieniske årsaker samt fare for fall.

Kvar bustad har utgang til ein liten balkong der ein kan ha sine eigne hagemøblar, blomar osb. Avdelinga har også ein flott felles uteplass, der vi pyntar med blomar om våren og sommaren.

Kven får plass i buavdelinga?

Bebuarane som flyttar inn på Buavdelinga har fått vedtak om langtidsopphald i omsorgsbustad.
Dei kjem frå eigen heim, eller vert flytta over frå andre avdelingar på Luranetunet.

Søk om opphald på sjukeheim / omsorgsbustad

Kva kostar tenesta?

Bebuarane betalar husleige, samt felleskostnader til Os kommune.

Prisane i samsvar med "Forskrift om egenandel for kommunale helse- og omsorgstenester 2011-12-16-1349"

(Os kommune sitt avgiftsbudsjett for 2016) 

Dersom ein har låg pensjon, kan ein søkja om statleg bustønad.