Bergheim, 1. etasje

Kontaktinformasjon

  • Besøksadresse: Bergheim, Luranetunet bu- og behandlingssenter, Solstrandsvegen 39
  • Kontakttelefon: 960 97 045/960 97 046
  • Avdelingsleiar: Marianne Moberg
  • Tilsynslege: Catherine Masiaga

Praktisk informasjon

Avdelinga er ei institusjonsavdeling og har to grupper med 8 + 6 plassar. Her arbeider det sjukepleiarar, vernepleiar og helsefagarbeidarar, nokre med vidareutdanning. Vi har tilsynslege ein dag i veka. Vi har også studentar og andre som tar ekstravakter eller har helgestillingar hos oss. Alle bebuarane har ein primærkontakt. Besøkande er alltid velkomne, vi har inga fast visittid.

Kva kan vi tilby?

Bergheim Nord har 8 plassar, èin av desse er korttidsplass. Vi brukar mykje tid i Sansehagen, der vi har høns, kaniner og fin frukthage. Vi går turar i nærmiljøet, og tar gjerne med tursekk og god mat. Vi driv også med maleaktivitetar, lett snekkararbeid og andre aktivitetar. Alle dei som bur på denne gruppa er fysisk spreke.

På Bergheim Sør har vi 6 plassar, og utgang direkte til Tropehagen. Her går vi også på tur med dei som ønskjer det, eller deltar på sangstund, spelar spel eller kosar oss med andre aktivitetar.  Bebuarane på denne gruppa får litt tettare oppfølging. Vi er opptatt av at bebuarane våre skal ha ein meiningsfull og aktiv kvardag. Vi arbeider personsentrert, det vil seie at vi tar omsyn til korleis bebuaren med demens opplever sin situasjon og verda rundt seg. Vi legg til rette for at han eller ho skal behalde sine ferdigheiter og interesser så lenge som mogleg, og på denne måten skape ein innhaldsrik kvardag.

Kven får plass på Bergheim?

Personar med demens eller alvorleg kognitiv svikt, som er fysisk oppegåande og tidleg i sjukdomsforløpet. Vi har også plassar til dei som treng litt ekstra tett oppfølging.

Søk om opphald på sjukeheim/omsorgsbustad

Kva kostar tenesta?

For korttidsopphald inntil 60 døgn i institusjon betaler du døgnpris. Korttidsopphald utover 60 døgn og langtidsopphald blir rekna ut etter inntekt der forskrift for eigenbetaling gjeld.

Til deg som er pårørande

Her er du alltid velkomen. Bebuarane har store rom med ein liten kjøkkenkrok. Her er det fint å ta i mot besøk. Det kan også vere kjekt å ta ein tur i Tropehagen, eller i Sansehagen og sjå på kaniner og høns. Vi har møte for pårørande minimum to gonger i året, og oftare ved behov. Vi ser pårørande som ein viktig ressurs, for både bebuarane og oss som jobbar her.