Behandlingsavdelinga på Luranetunet

Kontaktinformasjon

  • Besøksadresse: Behandlingsavdelinga, Luranetunet bu- og behandlingssenter, Solstrandvegen 39
  • Kontakttelefon: 909 41 382/960 97 060
  • Avdelingsleiar: Kari B. Johnsen
  • Pasienttelefon: 950 30 992, dersom du ønskjer direkte kontakt med ein pasient.
  • Tilsynslegar: Overlege Maren Nygard , Synnøve T. Skarstein

Praktisk informasjon

Vi har eige SPA-rom med tilbod om velværestund.

Besøkande er alltid velkomne, avdelinga har ingen faste visittider.

Kva kan vi tilby?

Målet for avdelinga er Alt til det beste for pasienten!
Vi har eit høgt kvalifisert fagpersonale med fokus på fag og etikk. 
Vi samarbeider med fysioterapeut, ergoterapeut, heimesjukepleia, demenskoordinator, prestetenesta, kreftkoordinator, kolsteam, diabetesteam og kreftteam.

Vi er opptatt av å skape trygge rammer rundt pasienten og  pårørande i lyse og trivelige lokale. Kvardagen skal vere best  mogleg for kvar enkelt pasient. Dette skapar vi saman gjennom "det gode stell og samtale», ønskekost og tilrettelagde måltid, eit fint pynta bord, ferskt bakverk, humor, blomar, tur i Tropehagen, trimaktivitetar, musikk, bingo og andre aktivitetetar, i tett samarbeid med Frivilligsentralen.

Kven får plass på behandlingsavdelinga?

Personar med behov for vidare behandling etter sjukehusopphald (opptrening, vidare medisinsk behandling, rehabilitering) eller palliative pasientar med behov for lindrande behandling. Vi tar også imot heimebuande med behov for avlastning eller medisinsk utgreiing. Vi som arbeider på Behandlingsavdelinga har lang erfaring innan eit breitt spekter av ulike sjukdommar.  

Søk om opphald på sjukeheim / omsorgsbustad

Kva kostar tenesta?
For korttidsopphald inntil 60 døgn i institusjon betaler du døgnpris. Korttidsopphald utover 60 døgn og langtidsopphald blir rekna ut etter inntekt der forskrift for eigenbetaling gjeld.

Til deg som er pårørande

Pårørande er ein naturleg del av avdelinga og er alltid velkomne. Du er ein viktig ressurs for både pasienten og oss.
Vi ønskjer at du skal føle deg godt ivaretatt i ei vanskeleg tid, og gir gjerne rettleiing og støtte. Vi ønskjer å ha ein open dialog med pasienten og deg som pårørande, slik at alle parter skal føle seg trygge og velinformerte.
Vi har jamleg samarbeidsmøte/familiemøte kor vi planlegg vegen vidare med tanke på til dømes helsetenester, hjelpemiddel og matombringing.

Dei siste dagane og timane i eit liv ønskjer ein gjerne å tilbringe mest mogleg tid saman. Då er det mogleg å overnatte på eige rom hos oss.