Terapibasseng på Luranetunet
Terapibassenget er organisert under Ergo- og fysioterapitenester, som held til på Luranetunet
Om bassenget:
Ergo- og fysioterapitenester har ansvar for drift og utleige av terapibassenget på Luranetunet.
Bassenget er 5 x 9 m, og 90 cm – 150 cm djupt.
Bassenget har trapper ned i vatnet, men er òg tilrettelagt med heis.
Kva vi kan tilby
- Vi kan tilby ulike treningsgrupper med fysioterapeut eller instruktør.
- På ettermiddag/kveldstid er det mogleg å leige bassenget.
Minst ein av leigetakarane må ha livredningskompetanse, og det kan vera max.10 personar i bassenget på same tid.
Korleis går vi fram for å leige bassenget?
Ta kontakt med bassengansvarleg Sissel Kanestrøm.
Det er no ledige timar ettermiddag og kveld for utleige
Publisert avEline Lundervold
Sist endra14.09.2017 13.52