Tenesta er organisert i ein kommunal og ein privat del.
-
Dei kommunale fysioterapeutane held til på Luranetunet.
-
Privat fysioterapi er i hovudsak knytt til fysikalske institutt.
Kven kan søkja?
-
Barn som treng behandling / oppfølging av fysioterapeut
-
Vaksne som har behov for behandling / opptrening etter sjukdom, skade eller ved kroniske lidingar
Tenesta er retta mot barn og vaksne som bur eller oppheld seg i kommunen.
Du kan motta tenesta anten du bur heime eller på institusjon. Bur du heime og ikkje er i stand til å oppsøkje eit fysikalsk instiutt, kan du få tilbod om at behandlinga skal skje i heimen.
Søk om kommunal fysioterapeut
Skjema for søknad om ergo- eller fysioterapi for barn.
Skjema for søkna om ergo- eller fysioterapi for vaksne.
Kva kan vi tilby?
-
•Undersøking og vurdering
-
•Behandling og oppfølging
-
•Gruppetrening
-
•Rettleiing av pasient, personale eller pårørande
-
•Formidling av tekniske hjelpemiddel
-
•Trening i terapibasseng
Kva kostar tenesta?
-
Vaksne og barn over 12 år må betala eigendel inntil ein har nådd beløpsgrensa for frikort frå Folketrygda. Nokre diagnosar gjev rett til fri behandling.
-
Behandling og transport er gratis for barn under 12 år.
-
Trygda yter heil eller delvis stønad til dekking av utgifter til undersøking og behandling hos fysioterapeut.
-
Stønad til fysioterapi blir gjeven berre dersom fysioterapeuten har avtale om driftstilskot med kommunen.