Kva kan Vartun tilby?
Tenesta tilbyr bebuarane trygge og gode rammer der ein jobber med å auke buevna, med mål om å kunne bu i sjølvstendig bustad. Ein ønsker å betre livskvaliteten for rusavhengige, med fokus på å redusere fysiske skadar og å betre den psykiske helsa.
Tilboda er blant anna samtaler, eit varmt måltid, sosialt samvær, trening, utdeling av reint brukarutstyr, utdeling av medisin for pasientar under legemiddelassistert rehabilitering og lågterskel arbeidstilbod.
Kven kan søkje om plass på Vartun?
- Rusavhengige som treng hjelp til å bu, og der rusmisbruket er hovudårsak til redusert eller manglande buevne.
- Bustadlause. Det vil si personar som har mellombels eller tilfeldig bualternativ eller personar som oppheld seg i institusjon (hospits, fengsel, hehandlingsinstitusjon) og som ikkje har eigen bustad ved utskriving.
- Personar i ein rehabiliteringfase, der assistert bustad saman med andre aktuelle tenester medverkar i motivasjonsarbeid og støtte i forkant av behandling, samt oppfølging ved utskriving etter behandling. Det gjeld også brukarar i LAR.
Kontaktinformasjon
Besøksadresse: Industrivegen 8
Telefon: 916 72 073
Kontaktperson: Arve Frostad, avdelingsleiar, 56 57 52 26
Tilbod