Ruskonsulenten i Os kommune er eit tilbod til deg som har, eller kjenner nokon som har, eit problem med rus eller annan avhengigheit. Tilbodet er gratis og du treng ikkje tilvising.
Ruskonsulenten tilbyr
- Støttesamtale med klientar og/eller pårørande
- Råd og rettleiing
- Kartlegging
- Tilvising til behandling
- Fagleg rettleiing
Når tar du kontakt?
Dersom du har eller er i ferd med å få eit problematisk forhold til rus, speling eller anna, kan du ta kontakt. Du er òg hjarteleg velkomen til å ta kontakt dersom du er bekymra for at ein annan person kan vere avhengig.
Slik tar du kontakt
Ta kontakt på telefon eller e-post. Du treng ikkje avtale tid eller planlegge kva du skal seie. Ruskonsulenten er her for å hjelpe deg.
Publisert avRagnhild Stende Bjaadal
Sist endra22.08.2018 09.20