Kven er tilbodet meint for?
Har du sjølv fått kreft, kan du få individuell oppfølging av kreftkoordinator i Os.
Du har gjerne tankar om behandlinga og korleis du kan koma gjennom den på best mogleg måte.
Etter behandling skal livet gå videre anten ein er kreftfri eller ein må læra seg å leva med kreften. Då kan mange oppleva at det ikkje er berre enkelt å ta opp att tråden frå tida før ein fekk kreft.
Du kan ta kontakt dersom du ...
- .. nett har fått ein kreftdiagnose
- .. ventar på behandling
- .. er under behandling på sjukehus
- .. har seinverknadar etter kreftbehandling
- .. er frisk etter behandling, men har spørsmål om rehabilitering
- .. ikkje blir frisk og treng hjelp til tilrettelegging av kvardagen
Pårørande til kreftpasientar kan og ta kontakt med kreftkoordinator.
Det same kan aktuelle samarbeidspartar i kommunen og spesialisthelsetenesta.
Kva kan kreftkoordinator tilby?
Kreftkoordinatoren i Os er utdanna kreftsjukepleier og har brei erfaring innan fagfeltet. Ho kan tilby individuelle møte på kommunehuset, eller koma heim til deg.
Samarbeidspartar
Korleis tar eg kontakt?
Kreftkoordinator er organisert under eininga Bestillar- og forvaltarkontoret, og er å treffa i rådhuset.
Du treng ingen søknad eller tilvising. Du kan sjølv ta direkte kontakt på telefon eller e-post.
Dine nærmaste kan óg ta direkte kontakt.
Kontortid:
Måndag: Kl 8–17
Tysdag til fredag: Kl 8–15
Kva kostar tenesta?
Tenesta er gratis