Bruk av hjartestartarar kan i mange høve vera skilnaden mellom liv og død.
Det er plassert hjartestartarar fleire stader i Os kommune, i både privat og offentleg regi. Der skal finnast personar som er lærte opp i bruk av desse, men i naudsituasjonar skal dei òg kunna brukast utan opplæring.

Os kommune har hjartestartarar plasserte på følgjande stader:
- Rådhuset, tilgjengeleg i opningstida (8.00-15.00/15.30 i desember, januar og februar)
- Os brann- og redningsvesen: I nokre av bilane
- Os og Samnanger legevakt (Mobergsbakken 111)
- Lunde barneskule, tilgjengeleg i opningstida (8.00-15.00)
- Luranetunet bu- og behandlingssenter
- Oseana kunst- og kultursenter, tilgjengeleg i opningstida
Hjertestarterregisteret på 113.no blir drifta av offentlege helsestyresmakter. Der kan både offentlege og private registrere kvar det er plassert hjartestartarar.
Vi oppmodar alle til å orientere seg om kvar næraste hjartestartarar er plasserte, og kva tid dei er tilgjengelege.
Ved hjartestans eller andre livstruande skader eller sjukdomstilfelle: Ring 113.
Publisert avSigrun Bukkholm
Sist endra14.01.2019 11.14