ROP-oppfølgingsteamROP står for rus og psykisk liding. ROP-oppfølgingsteamet er oppretta for å ivareta personar som har ei psykisk liding og samstundes rusar seg.Teamet er sett saman av fagpersonar med helse- og sosialfagleg utdanning. I tillegg har teamet tett samarbeid med ruskonsulent og psykologteneste. Kven kan få hjelp frå ROP-oppfølgingsteamet?Slit du eller nokon du kjenner med både rus og psykiske lidingar, kan du ta kontakt med oss.Slik skjer oppfølgingaOppfølginga er individuelt tilpassa kvar enkelt mottakar. Teamet og mottakaren av tenesta kjem saman fram til kva han eller ho treng hjelp til, til dømes: Tilsyn og oppfølging i bustad Etablering av individuell plan Kartlegging av hjelpebehov Koordinere samarbeid mellom kommune og spesialisthelsetenesteSlik går du framSend e-post eller ring oss, måndag til fredag, kl. 8-15.30. Publisert avSigrun Bukkholm Sist endra22.08.2019 08.55