Kven kan få hjelp frå KOLS-teamet?
Alle med diagnosen KOLS i kommunane Os, Samnanger og Fusa. Pårørande og anna helsepersonell er også ei viktig målgruppe.
Dette tilbyr vi
- Opplæring og informasjon om diagnosen KOLS til den enkelte pasient og pårørande.
- Råd om ernæring, medisinbruk, angst og depresjon, fysisk aktivitet og rehabilitering, oppdaterte lokale tilbod for pasientgruppa, samt røykeslutt.
- Undervisning og kursing av tilsette i kommunane.
- På sikt skal vi halde lokale kurs for personar med diagnosen kols.
- Treningsgruppe for pasientar med KOLS.
For påmelding, ta kontakt på e-post kolsteam@os-ho.kommune.no
Teamet samarbeider med spesialisthelsetenesta, primærhelsetenesta, fastlegane, fysioterapeutar, ergoterapeutar, LHL Os, folkehelsekoordinator i Fusa og Samnanger og Frisklivssentralen i Os.
Slik går du fram
KOLS-teamet er eit lågterskeltilbod, og alle kan ta kontakt for råd.
Føresetnaden for oppfølging er at du har diagnosen kols og sjølv ønskjer at teamet skal følgja deg opp. Du kan avtala konsultasjon på kontor eller få besøk heime.
Her finn du oss