Vi kan tilby
Utlån av enkle hjelpemiddel:
-
Ganghjelpemiddel (krykkjer)
-
Transportrullestol
-
Toalettforhøyer
-
Dusjkrakk
-
Badekarbrett
-
Toalettstol
-
Arbeidsstol
-
Forhøyningsklossar
-
Manuelt hjertebrett
Hjelpemidla blir lånt ut frå kommunen sitt hjelpemiddellager, og skal hentast og returnerast til Luranetunet, Solstrandvegen 39.
Utlånet er tidsavgrensa til 3 månader, eventuelt lenger ved behov.
Kven kan søkja?
-
Dei som treng å låna hjelpemiddel for ein kort periode.
-
Du må bu i, eller ha mellombels opphald i kommunen.
Slik søkjer du om hjelpemiddel
Ta kontakt med servicemann på rehabiliteringsavdelinga, tlf. 56 57 55 05 / 982 34 472.
Pris
Tenesta er gratis.