Kva kan vi tilby?
- Hjelp med medisin og medisinske prosedyrar
- Dagleg stell
- Sårbehandling
- Rettleiing om kosthald og helsespørsmål
- Hjelp til å stå opp, legge deg og toalettbesøk
- Rettleiing og opplæring slik at du kan meistra oppgåver på eiga hand, som å dosere medisiner og skifte stomi)
Krav til søkjar
- Du må ha eit hjelpebehov som skuldast sjukdom eller nedsett funksjonsnivå.
Kva kostar tenesta?
Heimesjukepleie er gratis.
Slik søkjer du om heimesjukepleie
- Fyll ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
- Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os. Du kan også levera søknadsskjema i Kommunetorget på rådhuset.
- Det er den som treng hjelp, ev. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden. Om andre søkjer for deg, må dei leggja ved fullmakt.
Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?
Kva skjer vidare med søknaden?
Bestillar- og forvaltarkontoret i Os kommune er ansvarleg for kartlegging, saksbehandling, vedtak og forvaltning, medan Heimebaserte tenester er ansvarlege for den praktiske gjennomføringa av tenesta.
Slik kontaktar du heimesjukepleia
Ring vakttelefonen på telefonnummer 56 57 55 72 eller 56 57 55 73. Telefontid er kl. 10-12 og 13-15.
Du kan òg kontakte oss på helsenorge.no
Du som får heimesjukepleie, kan logge inn på helsenorge.no (krev MinID) for å sende meldingar til Heimebaserte tenester i Os kommune. Her kan du sjå oversikt over planlagte og gjennomførte heimebesøk, i tillegg til å avbestille heimebesøk dersom du er bortreist. Dette kan òg pårørande gjere for deg, ved at du gir dei fullmakt på dette skjemaet frå helsenorge.no.