Kva kan vi tilby?
Heimehjelpa sine oppgåver er å hjelpe deg med tyngre husarbeid som støvsuging og vask av golv i rom som er i dagleg bruk, skifte på seng og vask av bad. Vindauga vert vaska to gongar i året .
Kven kan søkje?
Eldre eller funksjonshemma som bur heime, og som treng praktisk hjelp til tyngre husarbeid.
Krav til søkjar
Tenesta krev at hushaldninga har tekniske/ elektriske innretningar og anna nødvendig utstyr som er vanleg i ein heim.
Det er kommunen som i samarbeid med deg avgjer kva for tenester du skal få. Målet er at du skal vere i stand til å bu heime.
Slik søkjer du om heimehjelp
- Fyll ut søknadsskjema for helse- og omsorgstenester
- Skriv ut skjemaet, skriv under og send skjemaet til Os kommune, Bestillar- og forvaltarkontoret, Postboks 84, 5202 Os. Du kan også levera søknadsskjema i Kommunetorget på rådhuset
- Det er den som treng hjelp, ev. pårørande med fullmakt, som skal skriva under søknaden. Om andre søkjer for deg, må dei leggja ved fullmakt.
Treng du meir hjelp eller rettleiing for å fylla ut søknaden?
Kva skjer vidare med søknaden?
Kva kostar tenesta?
Husstanden si samla inntekt avgjer kor mykje du må betale for heimehjelp. Prisane blir fastsette årleg av Os kommunestyre, sjå prisar her.
Slik kontaktar du heimehjelpa
Ring vakttelefonen på telefonnummer 56 57 55 72 eller 56 57 55 73. Telefontid er kl. 10-12 og 13-15
Du kan òg kontakte oss på helsenorge.no
Du som får heimehjelp, kan logge inn på helsenorge.no (krev MinID) for å sende meldingar til Heimebaserte tenester i Os kommune. Her kan du sjå oversikt over planlagte og gjennomførte heimebesøk, i tillegg til å avbestille heimebesøk dersom du er bortreist. Dette kan òg pårørande gjere for deg, ved at du gir dei fullmakt på dette skjemaet frå helsenorge.no.