Her finn du oss
- Vaksenopplæringa i Os
- Telefon: 56 57 50 00 / 957 82 918 / 468 94 371
Kven kan ta kontakt?
Asylsøkarar, flyktingar og personar som har kome til Noreg i samband med familiegjenforeining, som bur eller mellombels oppheld seg i kommunen, har rett til nødvendige helsetenester på same måte som andre som bur og oppheld seg i kommunen.
- For personar under 18 år er det ikkje eit vilkår at personen har lovleg opphald.
- For personar over 18 år som har ulovleg opphald, gir lova berre rett til akutt helsehjelp.
Dette tilbyr vi
- Tuberkulosekontroll
- Samtaler, råd og rettleiing
Os kommune har eigen koordinator for flyktningar dei 5 første åra dei bur i Noreg. Koordinatoren hjelper flyktningane å finne fram i det norske systemet og kan tilby samtaler, råd og rettleiing. Koordinator for flyktningar samarbeider tett med NAV og driv undervisning i Vaksenopplæringa.
Ved behov, hjelper vi vidare innan kommunale tenester som til dømes PPT, psykisk helse eller fysioterapi. Vi kan òg vise vidare til spesialisthelsetenesta.
Pris
Tenestene er gratis. Hos fastlege eller spesialist må du betale ein eigedel.