Familieteamet Er du bekymra for barnet ditt si utvikling sosialt, følelsesmessig eller på andre område? Ønskjer du å få til god samhandling med barnet ditt? Er du redd for at barnet ditt slit psykisk og ønskjer hjelp til å finne ut av det? Strevar du i foreldrerolla? Ønskjer du råd for korleis det kan bli lettare? Familieteamet i Os kommune tilbyr rettleiing og støtte til foreldre og barn med ulike typar utfordringar. Kven er Familieteamet og kva gjer vi? Familieteamet er sett saman av fagpersonar frå ulike einingar i kommunen. Vi tilbyr rettleiing, kurs og grupper for foreldre, og samtaler med barn og foreldre. Vi samarbeider med andre tenester i kommunen for å kunne gi best mogleg hjelp. Vi kan òg hjelpe familiar med barn/unge med psykiske helseproblem, anten ved å tilby behandling eller ved å vise vidare til spesialisthelsetenesta. Slik tar du kontakt med oss Ring leiar for Familieteamet, Sunniva B. Teige på telefon 56 57 51 55 eller ta kontakt med helsesjukepleiar eller kontaktperson i PPT eller barneverntenesta, så blir du vist vidare til oss. Publisert avRagnhild Stende Bjaadal Sist endra07.01.2019 13.23