Snakk med kommunale helsetenester på helsenorge.no

Får du heimehjelp eller heimesjukepleie? Eller er du pårørande til nokon som får desse tenestene?
Gå inn på helsenorge.no for å sende og motta meldingar, avbestille heimebesøk og få oversikt over gjennomførte og planlagde heimebesøk.

Pårørande må få fullmakt frå tenestemottakaren for å nytte tenester og utføre handlingar på helsenorge.no på hans eller hennar vegne.
 

Slik gir brukaren andre fullmakt

På nett: Gå inn på helsenorge.no og administrer fullmaktene (krev innlogging med MinID)
På papir: Last ned dette papirskjemaet, skriv ut, fyll ut og send til Helsenorge

Helsenorge.no er den offentlege helseportalen på nett i Noreg.
Her kan du logge inn med MinID og sjå helseinformasjon som er registrert om deg. Du får òg tilgang til ei rekke sjølvbeteningsløysingar, som å bytte fastlege, få oversyn over reseptane dine og sjekke vaksinane dine.