Kriseteamet

Os kommune sitt kriseteam gir støtte og oppfølging til personar som har akutt behov for hjelp i samband med tragiske dødsfall, kriser og ulukker.

Kriseteamet består i utgangspunktet av lege, psykiatrisk sjukepleiar, prest og personar frå brannvesenet og politi. Vi koplar inn fagfolk frå ulike område, avhengig av kva dei berørte har behov for.

Dersom det er behov for oppfølging over lengre tid, viser kriseteamet vidare til andre i kommunen sitt hjelpeapparat eller spesialisthelsetenesta.

Legevakta eller den kommunale kriseleiinga kallar inn kriseteamet når det er behov for det.

Slik kontaktar du kriseteamet

Ring 47 51 21 20. Du kan òg ringe legevakta på 116 117.


Kriseteamets leiar er Jonas Nordvik Dale. Dale er kommuneoverlege og legevaktsjef i Os kommune.
Kontakt: joda@os-ho.kommune.no, tlf 99486367

Kriseteamets nestleiar er Anne Breivik Halhjem. Halhjem er avdelingsleiar på legevakta.
Kontakt: ahal@os-ho.kommune.no, tlf 98628294