Når barnet på grunn av tilhøva i heimen, eller av andre grunnar, har særleg behov for det, skal barneverntenesta setja i verk hjelpetiltak for barnet og familien. Omsynet til det som er det beste for barnet, er avgjerande.
Barneverntenesta har teieplikt i barnevernsaker.
Slik tar du kontakt med barnevernet
Ikkje ver redd for å ta kontakt med oss. Terskelen for å ta kontakt for å få råd og rettleiing, skal vere låg.
Kven kan få hjelp frå barnevernet?
- Barn under 18 år.
- Når barnet samtykkjer, kan tiltak førast vidare til barnet har fylt 23 år.
Behov for hjelpetiltak må vera dokumentert.
Kva kan barnevernet tilby?
- Rettleiing og råd om foreldrerolla
- Visa vidare til t.d. familierådgjevingskontor eller barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling (BUP)
- Skaffa avlasting i besøksheim
- Støttekontakt
- Økonomisk hjelp
- Gje hjelp til sjølvhjelp
- Formidling av plass i fosterheim og institusjon
Barn skal bu heime så sant det er mogleg. Vi legg vekt på å finna årsakene til vanskane og drøfta dei med foreldra og barnet.
Kva kostar det å få hjelp frå barnevernet?
All hjelp og rettleiing frå barneverntenesta er gratis
Publisert avSigrun Bukkholm
Sist endra02.09.2019 17.38