Er du bekymra for eit barn?

Mange er i tvil om kva tid det er rett å melda frå til barnevernet. 
Her er 10 spørsmål og svar for å hjelpa deg å vurdera. 

Spørsmål og svar

Kva tid bør eg melda frå til barnevernet?

Er du bekymra for eit  barn, kan henda fordi du trur foreldra ikkje klarar å ta godt nok vare på barnet? Då bør du melda frå til barnevernet.

Korleis kan eg vita om det er alvorleg nok?

 Er du bekymra, skal du melda frå. Di melding kan vera svært viktig for barnet det gjeld. Det er barnevernet si oppgåve å vurdera alvoret og om det er naudsynt med hjelp.

Kven skal eg snakka med i barnevernet?

  • Dagtid: Ring barnevernet sin vakttelefon: 901 82 850
  • Kveld: Ring konstituert leiar i barneverntenesta, Linda Hevrøy på 971 56 989/56 57 53 27 eller ring politiet på 112.
  • Helg og heilagdagar: Ring Barnevernvakta i Bergen på telefon 55 36 11 80.
  • Du kan ringja gratis til den landsdekkande Alarmtelefonen for barn og unge på 116 111. Meldinga di blir då formidla vidare til barnevernet der barnet bur.
  • Du kan òg sende melding til oss per post: Barneverntenesta i Os kommune, Postboks 84, 5202 Os

Kva skjer når eg melder frå om mi bekymring til barnevernet?

Saksbehandlaren skriv ned det du fortel. Innan ei veke avgjer barnevernet om dei skal setja i gong ei undersøking eller om meldinga skal leggjast vekk. Ei undersøking skal til vanleg ikkje vara lenger enn tre månadar.

Kva kan barnevernet gjera for å hjelpa barn, unge og familiar?

Barnevernet foreslår hjelpetiltak som vil gjera situasjonen betre for barnet. Dei fleste barna (8 av 10) får hjelp heime hos foreldra. Hjelpa kan t.d. vera råd og rettleiing, barnehageplass, støttekontakt, besøksheim eller tilsyn i heimen. I enkelte saker får barnet plass i fosterheim eller på institusjon.

Må eg alltid oppgje namnet mitt?

Nei, du kan velja å vera anonym. Barnevernet må informera familien om innhaldet i meldinga. Foreldra vil då ofte forstå kven som har meldt frå.

Får eg melding dersom saka vert lagt vekk?

Nei, barnevernet har teieplikt. Annleis er det for tilsette i t.d. skule eller barnehage. Dei har krav på tilbakemelding om det vert sett i gong tiltak eller ikkje.

Tida går, og eg er framleis uroleg. Bør eg ringja ein gong til?

Ja. Du vil ikkje få vita kva barnevernet har gjort sidan sist du ringde. Er du framleis er uroleg, er det likevel viktig at du tek kontakt og fortel kvifor.

Kan eg bli nøydd til å vitna i retten eller fylkesnemnda?

Du kan bli kalla inn som vitne. I så fall har du plikt til å møta og fortelja kvifor du har vore uroleg.

Kor kan eg få vita meir om barnevernet?

Du kan ta kontakt med barnevernet i kommunen, eller lesa meir på  www.barnevernet.no

 (Utvikla av Det kriminalitetsforebyggende råd)