Os Asvo driv med tilrettelagt arbeid innan tiltak Varig Tilrettelagt Arbeid (VTA) og Arbeidspraksis i skjerma verksemd (APS). Dei tilbyr og kartlegging av arbeidsevne.
Totalt jobbar det omlag 60 personar i verksemda til ei kvar tid. Dei tilbyr arbeid innan trearbeid, overflatebehandling, pakking, montering, kantine, snekkerarbeid og diverse industriproduksjon.
Dei jobbar tett med det lokale næringslivet i Os og kan tilby utplassering i lokale bedrifter etter individuelle behov.
Kontaktinformasjon
Kva kan Os Asvo tilby, og kven kan søkja?
- Varig tilrettelagt arbeid (VTA)
For dei som mottek uføretrygd og treng tilrettelagt arbeid
- Arbeidsførebuande trening (AFT)
For dei som treng å få avklart arbeidsevna si gjennom tilrettelagt arbeid. Målet er ordinært arbeid.
Korleis søkja om tilbod frå Os Asvo?