Aktiv, sosial og inkluderande møtestad for menneske med nedsett funksjonsevne.
Allsidige musikkgrupper på Kuhnletunet dagsenter. Musikkterapi på sitt beste!
Søndagssamling i Kyrkjetunet
Kontaktperson: Sokneprest Margrethe Holmboe Askeland, telefon 56 57 24 05 / 979 51 006
Fotball
Stjernelaget Søre Neset: Spelar turneringar i Stjerneserien. Ope for begge kjønn.
Trening på Søre Neset idrettsplass kvar onsdag kl. 17.00 - 18.30 og i gymsalen på Søre Neset skule kvar fredag kl. 18.00 om vinteren.
For meir informasjon, ta kontakt med Kristine B. Tikkanen på telefon 92 44 70 73.
Handball
HU Handball Os Turn: Spelar i serie og på landsturneringar. Ope for begge kjønn.
Trening i Oshallen kvar måndag kl. 18.00–19.00, frå skulestart til april.
For meir informasjon, ta kontakt med Grethe Søviknes på telefon 901 78 048.
Vinteraktivitetsdag på Sjusete
Ein dag i mars kvart år samlast om lag 200 deltakarar til aktivitetsløype, aking, scooterkøyring, køyring med hest og slede, mat, premiering og felles vinterglede. Arrangementet går føre seg på Sjusete i Kvam, og er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Kvam herad og Os kommune. Dato vil bli annonsert.
Sommaraktivitetsdag i Strandebarm
I august kvart år er det sommaraktivitetsdag i det flotte idrettsanlegget på Strandebarm i Kvam, med mellom anna boccia, ballspel og pilkast. Premiar til alle. Varm lunsj og middag. Etter lunsj kan du velja mellom bading eller musikkverkstad. Dans etter middag. Arrangementet er eit samarbeid mellom Hordaland fylkeskommune, Kvam herad og Os kommune. Dato vil bli annonsert.