Slik styrer vi Os kommune

Klikk for stort bileteI kommunestyremøtet tysdag 20. desember er budsjettet for 2017 éi av mange saker. Men korleis verkar eigentleg kommunen? Og korleis kan du følge med på kva som går føre seg på rådhuset?

Kommunen har ei todelt leiing

Kommuneadministrasjonen består av fagpersonar som har sin arbeidsplass i kommunen. Dei styrar den daglege og utøvande drifta. Rådmannen er øvste leiar i administrasjonen.

Dei politiske utvala er sett saman av politikarar. Kvart utval har sine møte. Ordføraren er den øvste politiske leiaren og styrer ordet i kommunestyret og formannskapet.

Os kommunestyre er det øvste politiske utvalet. I dei viktigaste sakene er det kommunestyret som gjer endeleg vedtak. Alle saker av økonomisk art skal innom Os formannskap. Andre utval er plan- og bygningsutvalet, kontrollutvalet og tenesteutvalet (sjå alle utvala på oskommune.no/politikk-og-organisasjon/politisk-organisering).

Administrasjonen føreslår, politikarane vedtar

Før eit politisk møte, legg administrasjonen fram ei liste med saker som dei ønsker at politikarane tar stilling til, med framlegg til vedtak (forslag til avgjerd). I mange saker er politikarane samde med administrasjonen, og då kan dei «banke gjennom» sakene utan å diskutere dei. I andre saker blir det debatt, og politikarar kan komme med eigne framlegg som skil seg lite eller mykje frå administrasjonen sitt. Til slutt røyster politikarane over framlegga i ei sak.

I tillegg til sakslista frå administrasjonen, kan også politikarane ta opp saker. Også du kan ta opp saker ved å ved å skaffe 300 underskrifter (innbyggjarinitiativ) eller indirekte ved å påverke politikarar.

Vedtar budsjett tysdag ettermiddag

I kommunestyremøtet tysdag 20. desember klokka 17 er budsjettet for 2017 med økonomiplan 2017-2020 éi av sakene som skal opp.

Rådmannen sitt budsjettframlegg kan du sjå under Budsjett og økonomiplan.

Budsjettet har vore til behandling i formannskapet som vedtok rådmannen sitt framlegg med endringar føreslått av Frp/H/KrF. Formannskapet vedtok altså eit budsjettframlegg som kommunestyret no skal ta endeleg stilling til. Sjå også formannskapet si innstilling under Budsjett og økonomiplan på heimesida vår.

I budsjettbehandlinga kan politikarane føreslå endringar i kor mykje pengar som går kor, og dei kan også legge fram såkalla verbalforslag som dei røyster over separat. Desse er ikkje knytt til konkrete tal. For eksempel var eit verbalforslag som Os kommunestyre vedtok i fjor at kommunen skal ha som handlingsregel å lyse ut eventuelle nye stillingar som heiltidsstillingar så langt det lar seg gjere.

Er det saker som opptar deg?

oskommune.no/innsyn/moteplan kan du sjå møteinnkallinger med alle sakene. Hugs at du som innbyggjar alltid er velkommen til å vere til stades på opne politiske møte. Kommunestyremøta kan du også høyre på RadiOs FM 101,1 og 103,2 MHz eller i app-en deira. I møtekalenderen finn du også protokoll med stemmegiving og vedtak frå tidlegare møte.