Kurs frå Friskliv og meistring: Bra mat for betre helse Helsedirektoratet «Bra mat for betre helse» er eit kurstilbod til deg som kan ha nytte av å gjere endringar i levevanane dine – der kosthaldsendringar er i fokus.Kurset tar utgangspunkt i Helsedirektoratets anbefalingar for ernæring og fysisk aktivitet. Kurset er ein introduksjon til endring av levevanar, og gir deg forslag til korleis du begynner prosessen med å endre kosthalds- og levevanar.Kurset består av trening og undervising. Treninga har hovudfokus på styrketrening og målet er å oppleve meistring og økt bevegelsesglede.Kven passar kurset for?Deg som har utvikla eller står i fare for å utvikle livsstilssjukdomar, og som kan ha fordel av å gjere endringar i kosthaldet.Mål med kursetMålet med kurset er å motivere, hjelpe og støtte deg til å gjere positive endringar i kosthaldet under mottoet «små skritt – store forbetringar». I tillegg vil kurset gi deg auka kunnskap om samanhengen mellom kosthald og god helse, samt verktøy for å gjere det lettare å ta gode val i kvardagen.Kosthaldskurset er basert på Helsedirektoratets Bra Mat-kurs. Kursleiar er klinisk ernæringsfysiolog Ingvild Marienborg.Pris400 kr per deltakar for heile kurset.Stad og oppstartdato Oppstart 23. januar kl. 11:00 – 14:30 på Osbadet. Kurset går torsdagar fram til påske (utanom vinterferie).Påmeldingsfrist16. januar 2020.For meir informasjon og påmeldingSend e-post Arrangør er Friskliv og meistring Publisert avRagnhild Stende Bjaadal Sist endra30.12.2019 10.32