Kvifor ta jodtablettar?
Ved ei atomulykke kan radioaktivt jod bli spreidd via lufta og bli tatt opp i skjoldbruskkjertelen når ein pustar inn forureina luft og/eller tar til seg forureina mat og drikke. Jodtablettar blokkerer opptaket av radioaktivt jod i skjoldbruskkjertelen og reduserer risikoen for å få kreft i skjoldbruskkjertelen.
Jodtablettar beskyttar berre mot radioaktivt jod, og ikkje mot andre radioaktive stoff.
Råd om å ta tablettane vil ofte bli gitt saman med råd om å opphalda seg innandørs i opptil to døgn. Det er derfor viktig å ha tablettane lagra heime.
Jodtablettar til barnehage- og skulebarn
Tablettane må takast innan 2-4 timar etter radioaktiv eksponering. Dei må altså vera der barn og unge oppheld seg til dagen.
Difor deler Fusa kommune i desse dagar ut jodtablettar til alle barnehagane og skulane i kommunen, til fordeling dersom det skulle skje ei atomhending i barnehage-/skuletid, opplyser kommuneoverlege i Fusa Klaus Melf, som òg er påtroppande kommuneoverlege i Bjørnafjorden kommune.
Før vi går inn i Bjørnafjorden 01.01.2020 blir det delt ut jodtablettar til skular og barnehagar også i Os, og til dei vidaregåande skulane på begge sider av fjorden.
På fritida må foreldre og føresette sørga for å ha jodtablettar tilgjengeleg til barna. Difor er det tilrådd å ha slike tablettar som del av eigenberedskapslageret heime.
Les meir om jodtablettar ved atomulykker hjå Direktoratet for atomsikkerheit og strålevern (DSA).