Fredag 29. november er det fakkelfredag på Os, med tenning av julegrana på Torget klokka 17 og opning av Pepparkakebygdo klokka 18.
Helga etter, 6.–8. desember, blir det førjulsstemning i alle krikar og krokar på Osøyro, når Os kommune, Os kyrkjelyd og Os sentrumsforening samarbeider om å arrangere Julemarknadsdagane 2019. Her kan du sjå heile programmet for helga (PDF, 2 MB), med klokkeslett og kart som syner kvar du finn Pepparkakebygdo, nissane i Borgstovo, julegåveverkstad, kunstutstillingar, konsertar og julemarknad. God fornøyelse! (Foto: Midtsiden)