Festfyrverkeri for Bjørnafjorden første nyttårsdag

Klikk for stort bilete Midtsiden 1. nyttårsdag 2020 klokka18.00 blir det eit stort og flott fyrverkeri for å feire Bjørnafjorden kommune.

Fyrverkeriet blir sendt opp sentralt i den nye kommunen, frå ein flåte midt ute i Fusafjorden, litt sør for Sandholmane. Er vi litt heldige med vêret, blir det storslått og godt synleg frå store delar av Os og Fusa.

Vi håpar på ein stor folkefest ute i det fri, og oppmodar alle bjørnafjordingar om å samle seg både på sentrale fjelltoppar og langs strendene denne ettermiddagen.

Vi oppmodar turlaga og andre organisasjonar til å ta initiativ til sosiale aktivitetar i samband med oppskytinga.

Venelaget for Lyngheim har ope tun på Haugsneset frå kl 17 og serverer kaffi og kaker. På Fusa-sida opnar Vinnesholmen kystlag opp den gamle husmannsplassen med eineståande utsikt til fyrverkeriet. Dei fyrer opp grillen, så ta gjerne med kveldsmat som kan grillast.

Kor er det best utsikt til fyrverkeriet?

Frå Os-sida kjem du tettast på ved Steinneset eller Lyngheim. Fyrverkeriet vil vere godt synleg i store delar av den nye kommunen, og det kjem til å bli stilig også på litt avstand. La bilen stå og oppsøk fyrverkeriet til fots. Dersom du må køyre, bruk offentleg parkering. 

Bjørnafjorden-firmaet ProPyro har det teknisk ansvaret for oppskytinga. Ole-Marius og Fredrik Røttingen i ProPyro, gler seg stort og skal syte for at nye Bjørnafjorden kommune får ein feiande flott start. Skulle det bli svært dårleg vêr, vil arrangementet bli flytta til helga etter.

Vi gler oss!

Kontakt

Erik Vangsnes
kultursjef
Telefon: 56 57 52 07
Mobil: 472 77 146