Budsjett 2020 er lagt ut til offentleg ettersynBjørnafjorden formannskap si innstilling til budsjett for 2020 og økonomiplan 2020-2023, inkludert gebyr- og prisliste for 2020, er lagt ut til offentleg ettersyn. Innstillinga er kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett, med dei endringar som kjem fram i budsjettframlegget frå Ap, Sp, MDG og KrF. Budsjettframlegget finst berre i elektronisk utgåve. Har du merknader til budsjettframlegget? Fyll ut det digitale høyringsskjemaet du finn her, eller send e-post til postmottak@os-ho.kommune.no Merk med saksnummer 19/8073 Frist for å sende inn merknad er 16. desember. Her kan du sjå framlegga frå andre parti: Budsjettframlegg frå FrP Budsjettframlegg frå H Bjørnafjorden kommunestyre behandlar budsjettet i møte 17. desember, og gjer endeleg vedtak i saka. Publisert avRagnhild Stende Bjaadal Sist endra29.11.2019 16.43