Vil bedrifta di vere med å støtte arrangementet?
Med litt drahjelp kan vi løfte arrangementet mange hakk. Som sponsor vil du få profilering i felles annonsering i media, på nettsider og trykksaker.
Ta kontakt med ordførar for Bjørnafjorden kommune, Trine Lindborg på telefon 975 08 392 eller leiar i arrangementskomiteen, kultursjef Erik Vangsnes på telefon 472 77 146.
Du kan òg sende e-post til postmottak@os-ho.kommune.no eller post@fusa.kommune.no
Vi oppmodar lag og foreiningar til å dra i gang aktivitetar som samlar folk og skapar god stemning langs strendene eller på utsiktspunkt og fjell i heile området.
La oss gå saman om å gi små og store bjørnafjordingar ei minneverdig og flott oppleving på den aller første dagen i Bjørnafjorden kommune!