Bli med å bygge Pepparkakebygdo 2019!

Klikk for stort bileteBli med å lage den største og flottaste pepparkakebygdo Os har sett! Kulturkonsulent Stine Kobbeltvedt og Jeanett Kallekleiv, leiar for Os sentrumsforening, ønskjer seg favorittbygget ditt eller favorittstaden din i pepperkakedeig. Du kan gjerne bake skulen, barnehagen eller arbeidsplassen din, eller kanskje huset der du bur? Skular, barnehagar, bedrifter og privatpersonar - alle er velkomne til å bake, pynte og levere eit byggverk.
I år blir Pepparkakebygdo å finne i Brugata, i lokala der det før var apotek. Den offisielle opninga er på fakkelfredag, 29. november. For at bygdeplanleggarane skal få tid til å bygge ei staseleg pepparkakebygd, må alle levere bidraga sine måndag 25. november. Har du spørsmål? Send ein e-post til stko@os-ho.kommune.no eller jeanett@ossentrum.no.