Publisert 29.10.2019

 Tysdag 29. oktober klokka 16.00 har Bjørnafjorden kommunestyre konstituerande møte i kommunestyresalen i rådhuset på Os. På saklista står mellom anna val av ordførar og varaordførar, formannskap og politiske utval for valperioden 2019-2023.  

Her kan du sjå alle sakene det nye kommunestyret skal behandle i sitt første møte.

Første sak er om det nye kommunestyret vil tillate direkteoverføring av kommunestyremøta i Bjørnafjorden. Høgst sannsynleg kan du difor følge val av ordførar, varaordførar og andre historiske avgjerder direkte på Bjørnafjorden kommune-TV frå om lag kl. 16.10.

Publisert 29.10.2019

 Visste du at du treng minst tre liter reint vatn per person i døgnet til drikke og matlaging? Har du ekstra matvarer med lang haldbarheit? Korleis kan du halda varmen dersom straumen er borte i tre døgn? Sjekk denne lista over kva nasjonale styresmakter anbefaler.

Du får det meste av det du treng på butikkane i Fusa og Os.

Her får du gode tips til korleis du kan lagra vatn.

På Fjord'n Senter og Amfi Os kan du sjå utstillingar av kva som trengst. (Foto: Amfi Os og Fjord’n Senter)

Publisert 28.10.2019

 Har du alt du treng for å klara deg sjølv i tre døgn dersom vatn og straum plutseleg blir borte? 28. oktober startar den landsdekkjande Eigenberedskapsveka 2019. Vi i komande Bjørnafjorden kommune er med på markeringa. Følg med på begge sider av fjorden!

Publisert 23.10.2019

Grunna gravearbeid vil Borgavegen vere stengd mellom Borgavegen 142 og Hjellevegen 1 A-F (sjå illustrasjon) kl. 9 -14, måndag til fredag i perioden 28. oktober til 29. november 2019.

Gåande, syklande, skulebuss og utrykkingskøyretøy kan passere anleggsområdet, men vi ber om at alle viser aktsemd ved passering.

Publisert 23.10.2019

Elevane i Os trivst på skulen, og resultata frå nasjonale prøvar syner ei positiv utvikling over tid. Det er kortversjonen av Tilstandsrapport for barnehage og skule 2019, (PDF, 5 MB) som oppveksteininga presenterte for Os kommunestyre i går.

Publisert 21.10.2019

 Os eldreråd, Os pensjonistforening og Os kommune inviterer til datakafé for seniorar, måndag 28. oktober kl. 10-12 i Os eldresenter, Hamnevegen 40.

Instruktørar frå Sparebanken Vest i Os vil gi deg ein-til-ein-opplæring, og hjelpe deg med Bank-ID, nettbank og Vipps. Os og Fusaposten vil hjelpe deg med digital pålogging til avisa. IT-Hjelpa i Os kommune stiller òg, for å gi tips om bruk av nettsider.
Ta med nettbrett (viss du har), mobiltelefon, kodebrikke og legitimasjon.
Påmelding til Ernst Hoff på telefon 982 46 911 eller e-post: hoffernst@gmail.com

Vel møtt!

Publisert 18.10.2019

  Ver ein ekstra god venn mellom 24. oktober og 3. november! Då går nemleg Venneveko 2019 av stabelen, med mange ulike arrangement og aktivitetar i vennskapens teikn.

Kva med å ha ein hemmeleg venn på arbeidsplassen, skulen eller barnehagen? Det er mykje vi kan gjere for å vise andre godheit og omsorg, berre fantasien set grenser.

 

Publisert 17.10.2019

Det finst 20 millionar refleksar i norske heimar, men så lenge dei ligg i ei skuff, gjer refleksbanda, -brikkene og -vestane ingen nytte. I dag er det Refleksdagen, ei årleg markering i regi av Trygg Trafikk. Ei undersøking viser at ni av ti nordmenn meiner refleks hjelper for å bli sett i mørkret, likevel er det berre fire av ti som alltid brukar refleks når det er mørkt. Kvifor? Vi gløymer det, og dei vaksne er verstingane. 

Går du utan refleks, har ein bilist som køyrer i i 50 km/t berre to sekunder på å sjå deg. Brukar du refleks, ser bilisten deg ti sekund tidlegare. Halvparten av alle norske bilistar har opplevd å nesten køyre på nokon, fordi dei ikkje har sett dei i mørkret. Det er heldigvis lett å gjere noko med. Os kommune sluttar seg til oppmodinga frå Trygg Trafikk: Bruk fem minutt i dag på å feste refleksar på jakker, sekkar og bagar. Då er du mykje tryggare langs vegen i dei mørke månadene som kjem.  

 

Publisert 17.10.2019

Bli med å lage den største og flottaste pepparkakebygdo Os har sett! Vi ønskjer oss favorittbygget ditt eller  favorittstaden din i pepperkakedeig. Du kan gjerne bake skulen, barnehagen eller arbeidsplassen din, eller kanskje huset der du bur? Alle får sjølvsagt full kunstnerisk fridom! 
I år blir Pepparkakebygdo å finne i Brugata, i lokala der det før var apotek. Den offisielle opninga blir under fakkelfredag 29. november. For å få tid til å bygge ei staseleg pepparkakebygd, må vi få alle bidraga måndag 25. november. Blir du med? Meld frå til kulturkonsulent Stine Kobbeltvedt stko@os-ho.kommune.no eller leiar for Os sentrumsforening Jeanett Kallekleiv jeanett@ossentrum.no.

Publisert 11.10.2019

Den 20. oktober kan søndagsturen din utgjere ein skilnad. Då går TV-aksjonen 2019 av stabelen, til inntekt for CARE sitt arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokre av dei mest sårbare områda i verda. TV-aksjonen skal gi kvinner mogelegheit til å tene sine eigne pengar, bestemme over eigen kropp og få stemma si høyrt. 
I Os trengst 200 bøsseberarar for å dekke heile bygda. Koordinator for aksjonen i Os kommune, Tove Hille, er halvvegs til målet, med om lag 100 registrerte så langt. Bøsseberarane går i om lag to timar mellom klokka 15.00 og 18.00. Du kan melde deg som bøsseberar på blimed.no eller til Tove Hille på tlf. 916 72 910. Bli med! Din innsats kan bety mykje for mange. 

Publisert 10.10.2019

Verdensdagen for psykisk helse blir markert 10. oktober, men det å leve etter psykevettreglane er like viktig kvar einaste dag. Årets tema er #gitid, og handlar om at vi må vere romslege med både oss sjølve og kvarandre. Kva med å spørje nokon om korleis dei har det i dag? Og ta deg tid til å verkeleg lytte til svaret? Ha ein god dag! 

Publisert 01.10.2019

  - Det er ei glede å melde at Jarle Kvalvik har takka ja til stillinga som kommunalsjef for Samfunnsutvikling i Bjørnafjorden kommune, seier rådmann Christian Fredrik Fotland.

Jarle Kvalvik (50) har lang fartstid frå offentleg sektor. I dag er han kommunalsjef for tekniske tenester i Askøy kommune. Før dette var han utbyggingssjef i Bergen kommune, der han hadde ansvar for heile investeringsporteføljen til kommunen.

Med ein master i Facility Management, ingeniør i marinteknikk og masterprogram i økonomi og leiing, har Kvalvik ei solid utdanning innan både tekniske fag og økonomisk/administrative fag,

Kvalvik har også vore kommunalsjef i Øygarden kommune,  driftsdirektør i BOB og leiar for UiB  Eiendom.

Oppstartstidspunkt er ikkje avklart enno. Lisbeth Axelsen held fram som konstituert kommunalsjef for Samfunnsutvikling fram til Kvalvik startar.

Publisert 30.09.2019

Tysdag 1. oktober kl. 12.00 inviterer Os eldreråd seniorar frå Fusa og Os til samling i Os eldresenter for å markere FNs internasjonale dag for eldre.
Ordførar Terje Søviknes held opningstale, og kommunalsjef Monica Totland Melvold orienterer om "Omsorgstrappa". Ella Marie Brekke Vangsnes kåserer om gamle Ous herred, før programmet blir runda av med lunsj og hyggjeleg samvær. 
Du kan kjøpa billett i Os eldresenter måndag, onsdag og fredag mellom kl. 10 og 14, eller hos Bjørn Sivertsen i Os eldreråd på tlf. 913 83 884. Pris: kr 100. Vel møtt! 

Publisert 30.09.2019

 Den 26. september 1944 naudlanda eit fly frå det kanadiske flyvåpenet i ein potetåker på Søre Neset. Alle dei seks i besetninga var uskadde, men naudlandinga var startskotet for ei dramatisk katt-og-mus-jakt.

«Halve Os» hjelpte til med å halde dei seks i dekning i to veker medan 4000 tyske soldatar leita etter rømlingane.
Kanadiarane blei frakta frå stad til stad av ulike osingar, som alle risikerte livet om dei blei oppdaga av tyskarane. Etter to nervepirrande veker i skjul, blei dei seks frakta i fiskebåten «Snøgg» til Austevoll, kor Shetlands-Larsen førte dei trygt over til England.

4.-6. oktober vil Os Sogelag, Os Turlag, Samnager Turlag, Os Rotary og Os kommune markere at det er 75 år sidan osingane og den hemmelege norske militærorganisasjonen Milorg utførte denne spektakulære redningsaksjonen.

Her kan du lese minneskriftet frå Os sogelag (PDF, 2 MB)


 

 

Publisert 26.09.2019

No skal grusplassane etter Circle K-stasjonen og den gamle brannstasjonen bli retta ut, få asfalt og oppmerkte parkeringsplassar. Arbeidet startar om kvelden søndag 29. september og varar til og med onsdag 2. oktober.
Medan du ventar på dei nye parkeringsplassane, kan du parkere gratis i inntil 8 timar ved Vognhallen, Oseana, langs Byvegen (nedanfor Os barneskule), ved Kløvertun og Landboden. Du kan òg parkere i inntil 24 timar ved Os næringspark i Holtbrekka.

Har du spørsmål? Ta kontakt med Odd-Helge Henriksen i Prosjektavdelinga i Os kommune på telefon 905 77 430.