Publisert 20.12.2019

1. nyttårsdag 2020 klokka18.00 blir det eit stort og flott fyrverkeri for å feire Bjørnafjorden kommune.

Fyrverkeriet blir sendt opp sentralt i den nye kommunen, frå ein flåte midt ute i Fusafjorden, litt sør for Sandholmane. Er vi litt heldige med vêret, blir det storslått og godt synleg frå store delar av Os og Fusa.

Publisert 19.12.2019

«Bra mat for betre helse» er eit kurstilbod til deg som kan ha nytte av å gjere endringar i levevanane dine – der kosthaldsendringar er i fokus.
Kurset tar utgangspunkt i Helsedirektoratets anbefalingar for ernæring og fysisk aktivitet. Kurset er ein introduksjon til endring av levevanar, og gir deg forslag til korleis du begynner prosessen med å endre kosthalds- og levevanar.

Publisert 19.12.2019

Stress har alltid vore og vil alltid vere ein del av dagleglivet vårt. Det er korleis vi handterer stresset som er avgjerande for om stress blir skadeleg eller ikkje. På dette kurset vil du lære kva som forårsakar stress og korleis du betre kan handtere stress i kvardagen.

Publisert 17.12.2019

Bjørnafjorden helsestasjon og Os Røde Kors tilbyr førstehjelpskurs retta mot deg som er småbarnsmor eller -far eller har omsorg for barn. Dette er eit 3-timarskurs om førstehjelp på barn under 8 år.

Tysdag 14. januar 2020 kl 18-21 i Røde Kors-huset i Kolskogheiane. Her kan du lese meir om kurset og melde deg på

 

 

 

Lær om:

  • Kva er livreddande førstehjelp?
  • Å ringe etter hjelp
  • Den viktige undersøkinga
  • Skaff frie luftvegar
  • Hjerte-lungeredning
  • Barn og skadar
  • Når barnet er sjukt
  • Blødningar
  • Førebygging
  • Brannskade
  • Forgiftning

 

Publisert 09.12.2019

Om kort tid blir Os og Fusa til Bjørnafjorden kommune. Før nyttår må vi ha avslutta ei rekke system i dei gamle kommunane, og oppretta nye i Bjørnafjorden kommune. Dette betyr at vi kanskje vil bruke lengre tid på å svare på førespurnader enn vanleg frå 9. desember og fram til nyttår.
Alle digitale skjema må flyttast, og blir diverre utilgjengelege ei stund.

Får du ikkje svar frå oss i 2019, vil du få svar frå Bjørnafjorden kommune på nyåret.

Takk for forståinga!

 

Publisert 09.12.2019

Dette er opningstidene i jula for Os rådhus, for dei nye kontora til Oppvekst-eininga i Torggata 2 (Dragesetbygget), og for Barnevernet i Brugata 28.

Merk at dei kommunale kontora i alle dei tre bygga stenger klokka 12 fredag 20. og måndag 23. desember.

Fredag 20. desember: 08.00–12.00
Måndag 23. desember: 08.00–12.00
Julaftan 24. desember: Stengt
Første juledag 25. desember: Stengt
Andre juledag 26. desember: Stengt
Fredag 27. desember: 08.00–15.30
Måndag 30. desember: 08.00–17.00
Nyttårsaftan 31. desember: Stengt
Onsdag 1. januar: Stengt
Torsdag 2. januar: 08.00–15.30

Frå januar er det slutt på kommunal langdag til klokka 17.00 på måndagar.
Opningstidene i Bjørnafjorden kommune blir 08.00–15.30 alle kvardagar.

 

 

Publisert 29.11.2019

Bjørnafjorden formannskap si innstilling til budsjett for 2020 og økonomiplan 2020-2023, inkludert gebyr- og prisliste for 2020, er lagt ut til offentleg ettersyn.

Innstillinga er kommunedirektøren sitt framlegg til budsjett, med dei endringar som kjem fram i budsjettframlegget frå Ap, Sp, MDG og KrF.

Budsjettframlegget finst berre i elektronisk utgåve.

Har du merknader til budsjettframlegget? Fyll ut det digitale høyringsskjemaet du finn her, eller send e-post til postmottak@os-ho.kommune.no Merk med saksnummer 19/8073

Frist for å sende inn merknad er 16. desember.

Her kan du sjå framlegga frå andre parti:

Budsjettframlegg frå FrP

Budsjettframlegg frå H

Bjørnafjorden kommunestyre behandlar budsjettet i møte 17. desember, og gjer endeleg vedtak i saka.

Publisert 28.11.2019

 Er du opptatt av at alle grupper skal bli høyrt? Ønsker du å påverke politiske prosessar og vedtak i Bjørnafjorden kommune? Send inn forslag til kandidatar til dei kommunale råda i Bjørnafjorden kommune.

Den 17. desember skal Bjørnafjorden kommunestyre velje medlemmer til eldrerådet, ungdomsrådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing.  Råda bør vere bredt samansett og bestå av personar med ulik erfaring og bakgrunn. Har du forslag til gode kandidatar?

Ungdomsrådet

Frist for å fremje kandidatar til ungdomsrådet er 30. november. Her kan du lese meir om ungdomsrådet og om korleis du kan foreslå kandidatar.

Eldrerådet og råd for personar med funksjonsnedsetjing

Råda er rådgjevande medverknadsorgan i kommunen, og dei har rett til å seie si meining i saker som gjeld eldre og personar med funksjonsnedsetjing. Råda kan òg ta opp saker på eige initiativ, men skal ikkje behandle saker som gjeld enkeltpersonar. Råda skal få saker til behandling på eit så tidleg tidspunkt at uttaler frå råda kan påverke utfallet av saka. Råda kan også ta opp saker på eige initiativ.

Kven kan foreslå kandidatar?

Representerer du ein organisasjon for eldre eller for personar med funksjonsnedsetjing? Då kan du fremje framlegg om kandidatar til desse råda. Andre kan òg sende inn forslag til kandidatar. Du kan gjerne melde inn ditt eige kandidatur! Send med informasjon om kandidatar og grunngjeving for forslaget. Detr er fint om du tek med ei grunngjeving for forslaget, med informasjon om til dømes alder, yrkeserfaring, interessefelt og annan kompetanse som kandidaten har.

Kommunestyret avgjer kor mange medlemmer og varamedlemmer råda skal ha. Kommunestyret må også ta omsyn til at kvart kjønn vert representert med minst 40 prosent. Fleirtalet av medlemmene i eldrerådet skal på valtidspunktet ha fylt 60 år.

Ein kandidat som er foreslått av ein organisasjon, representerer alle grupper i kommunen dersom kandidaten blir oppnemnd som medlem eller varamedlem i  rådet, ikkje berre organisasjonen sine medlemmer.

Her kan du lese meir om funksjon, oppnemning og oppgåver for eldrerådet og råd for personar for personar med funksjonsnedsetjing.

Ta gjerne kontakt! 

Har du spørsmål, eller har du forslag på kandidat til eldrerådet eller råd for personar med funksjonsnedsetjing?

Kontakt ein av desse to seinast 4. desember:
Spesialrådgjevar Gunn Sissel Teigen – mobil 404 15 558, e-post: gst@fusa.kommune.no
Konsulent Karianne Løveng – mobil 482 76 238, e-post kalo@os-ho.kommune.no

Publisert 27.11.2019

Fredag 29. november er det fakkelfredag på Os, med tenning av julegrana på Torget klokka 17 og opning av Pepparkakebygdo klokka 18. 
Helga etter, 6.–8. desember, blir det førjulsstemning i alle krikar og krokar på Osøyro, når Os kommune, Os kyrkjelyd og Os sentrumsforening samarbeider om å arrangere Julemarknadsdagane 2019. Her kan du sjå heile programmet for helga (PDF, 2 MB), med klokkeslett og kart som syner kvar du finn Pepparkakebygdo, nissane i Borgstovo, julegåveverkstad, kunstutstillingar, konsertar og julemarknad. God fornøyelse! (Foto: Midtsiden)

Publisert 25.11.2019

 Vi ønskjer å feire den nye kommunen med eit stort fyrverkeri og folkefest 1. nyttårsdag 2020 klokka 18. I samarbeid med Pro Pyro vil Bjørnafjorden kommune skyte opp eit storslått fyrverkeri frå ein flåte midtfjords i Fusafjorden, vest for Sandholmane. Fyrverkeriet vil då vere godt synleg frå begge sider av den nye kommunen.

 

Publisert 25.11.2019

Frivillige organisasjonar, private aktørar og offentlege instansar kan søke Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) om tilskot frå Nasjonal tilskuddsordning for lavinntekstfamilier.

Målet med tilskotsordninga er å motverke og/eller dempe konsekvensane av fattigdom blant barn og ungdom. Ordninga skal vere eit verkemiddel for å betre moglegheitene for at fleire barn og unge skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar, uavhengig av foreldras inntekt og sosiale situasjon. 

Søknadsfrist for tilskotsåret 2020 er 13. desember 2019.

Publisert 15.11.2019

Bli med å lage den største og flottaste pepparkakebygdo Os har sett! Kulturkonsulent Stine Kobbeltvedt og Jeanett Kallekleiv, leiar for Os sentrumsforening, ønskjer seg favorittbygget ditt eller favorittstaden din i pepperkakedeig. Du kan gjerne bake skulen, barnehagen eller arbeidsplassen din, eller kanskje huset der du bur? Skular, barnehagar, bedrifter og privatpersonar - alle er velkomne til å bake, pynte og levere eit byggverk.
I år blir Pepparkakebygdo å finne i Brugata, i lokala der det før var apotek. Den offisielle opninga er på fakkelfredag, 29. november. For at bygdeplanleggarane skal få tid til å bygge ei staseleg pepparkakebygd, må alle levere bidraga sine måndag 25. november. Har du spørsmål? Send ein e-post til stko@os-ho.kommune.no eller jeanett@ossentrum.no. 

Publisert 01.11.2019

Folk er stort sett godt rusta til å klara seg utan straum i nokre dagar. Ikkje så mange har ordna seg med drikkevatn, kontantar eller batteriradio. Det viser svara så langt frå eigenberedskapsundersøkinga mellom dei tilsette i komande Bjørnafjorden kommune.

Dette viser spørjeundersøkinga

Det er så langt kome inn over 400 svar på spørjeundersøkinga om eigenberedskap mellom dei tilsette i Fusa og Os. Undersøkinga viser at rundt 60 % har tenkt gjennom kva farar, ulykker og utfordringar dei kan møta heime og kva dei skal gjera ved lengre bortfall av straum. 

  • Dei aller fleste kan grunnleggande førstehjelp.
  • Dei aller fleste har fylt opp heimane sine med stearinlys, fyrstikker, lommelykter, førstehjelpsutstyr og ved eller gass.
  • Mange tilsette er tydeleg ein del ute på tur og har kokeapparat tilgjengeleg.
  • Halvparten har ein DAB-radio med batteri.
  • 35 % har kontantar liggande. Det er lurt, dersom vi ikkje kan betala med kort i butikkane. 
  • 25 % har vatn ståande på kanner heime.
  • Berre litt over 20 % gjennomfører brannøvingar og har tenkt gjennom korleis dei kan søkja hjelp eller informasjon ved bortfall av mobilnett/telenett/internett.

Alt i alt meiner 42 % av dei tilsette at dei er litt førebudde, 33 % er nokså godt førebudde og 10 % er godt førebudde. Berre 13 % er ikkje førebudde i det heile tatt.

Viktig informasjon for vidare arbeid med samfunnssikkerheit og beredskap 

Tala frå undersøkinga er viktig informasjon til arbeidet med samfunnssikkerheit og beredskap i Bjørnafjorden kommune. Undersøkinga viser kva område vi må arbeida med framover når det gjeld informasjon om, og tilrettelegging for, god eigenberedskap. Det gjeld mellom anna: 

  • kor ein kan søkja hjelp eller informasjon ved bortfall av mobilnett/telenett/internett
  • kor faste møtestadar for innbyggarane i kommunen er ved større ulykker/kriser
  • kor næraste tilfluktsstad er
  • om kommunen sin beredskapsplan
  • om kor viktig det er å ha vatn tilgjengeleg på kanner heime

Tenk over korleis du skal greia deg dersom kvardagen ikkje fungerer som vanleg!

Målet med Eigenberedskapsveka 2019 er å auka folk sin kunnskap om eigenberedskap, slik at fleire gjer fornuftige førebuingar.

Korleis står det til heime hjå deg? Stopp opp og sjå på utstillingane dersom du er innom Amfi Os eller Fjord'n Senter. Ta gjerne med deg ein brosjyre. Eller last ned brosjyren om eigenberedskap frå Direktoratet for samfunnssikkerheit og beredskap (DSB). Her finn du lista over kva du bør ha i heimen i ditt eige beredskapslager.

"Vi håpar spørjeundersøkinga òg har gjort fleire meir bevisst på kva dei treng i heimen for å klara seg sjølv i minst 72 timar. Vi ønskjer å køyra spørjeundersøkinga også neste år på same tid. Det blir spennande å sjå om vi har endra oss til då," seier HMS-rådgjevar Ellen Marie Westvik, som har laga undersøkinga. Ho rettar ein stor takk til alle som har svart!

Publisert 31.10.2019

 Måndag 18. november inviterer vi Bjørnafjorden lag og organisasjonar til innføring i bruk av aktivitetskalenderen Friskus.
I Friskus kan du lmarknadsføre aktivitetar og arrangement som laget eller organisasjonen din står for. I tillegg kan du bruke verktøyet til å rekruttere frivillige til ulike oppdrag. 

 

Opplæring i bruk av aktivitetskalenderen Friskus for lag og organisasjonar:

  • Tid: Måndag 18. november 2019, kl. 15 - 18
  • Stad: Kommunestyresalen, Os rådhus

Bjørnafjorden kommune har kjøpt Friskus, slik at lag og organisasjonar kan bruke verktøyet heilt gratis. Dette er eit tilbod som vi trur og håpar vil vere til nytte og glede for både innbyggarane og heile den frivillige sektoren i Bjørnafjorden kommune.

Målet er å samle alt som skjer i Bjørnafjorden kommune på èin stad, slik at det er lett for innbyggarane våre å få oversikt over alle dei ulike tilboda i den nye kommunen - i tillegg til å gjere det enklare for alle eldsjelene der ute å administrere og skaffe mannskap til aktivitetane.

Her kan du sjå korleis aktivitetskalenderen Friskus ser ut for Bjørnafjorden kommune i dag.

Aktivitetskalenderen Friskus:

  • Alt som skjer i Bjørnafjorden - samla på èin stad!
  • Enkelt å administrere arrangement for lag og organisasjonar
  • Arrangementet ditt blir synleg for mange
  • Rekrutter frivillige til oppdrag gjennom Friskus

Opplæring og bruk av aktivitetskalenderen Friskus er gratis for lag og organisasjonar. 

Ta med berbar PC, nettbrett eller mobil.

Påmelding innan 15. november 2019 til Tove Hille, e-post thh@os-ho.kommune.no eller Bjørg A. Sjøbø, e-post bjas@os-ho.kommune.no

 

Publisert 31.10.2019

 Har du barn under 18 år? Ammar du? Eller er du gravid? Då bør du ha jodtablettar i beredskapslageret ditt heime. Tablettane kan gi vern mot radioaktivt jod ved atomulykker, og skal berre takast etter råd frå myndigheitene. Du får kjøpt jodtablettar reseptfritt på apoteket. Barn og unge under 18 år, gravide og ammande bør ta tablettane fordi dei har størst risiko for å få kreft i skjoldbruskkjertelen etter å ha blitt utsette for radioaktivt jod.